Tenestene våre
Vi hjelper med drift og vedlikehald av bygg og uteområde. Her finn du meir om kva vi kan gjera for deg, både som enkeltoppdrag og gjennom faste avtalar.
Eigedomsdrift og vaktmestertenester
Vi tek oss av tilsyn, småreparasjonar og praktisk vedlikehald. Du får hjelp til dei daglege oppgåvene rundt eigedomen, og ein kontakt å ringja når noko må ordnast.
- Tilsyn av bygg og uteområde
- Småreparasjonar på dører, låsar og innreiing
- Montering, demontering og vedlikehald
- Maling og mindre snekkararbeid
- Oppfølging av feil og behov for fagfolk
Plenklipping og hagestell
Vi tek oss av plen og grøntområde rundt bustader, næringsbygg og fellesareal. Du kan bestilla eit enkeltoppdrag eller avtala jamleg klipping gjennom sesongen.
- Plenklipping og kantklipping
- Stell av hekk, bed og grøntområde
- Raking, rydding og bortkøyring av hageavfall

Takrennerensk
Lauv, mose og rusk kan hindra vatnet i å renna unna. Vi reinskar takrenner og ser over nedløpa, med tilkomst og arbeidsmåte tilpassa bygget.
- Fjerning av lauv, mose og rusk
- Reinsk av takrenner og kontroll av nedløp
- Avtale om regelmessig ettersyn

Fasadevask og utvendig reinhald
Vi vaskar fasadar og andre utvendige overflater. Metode, vaskemiddel og trykk blir tilpassa underlaget, enten det er kledning, mur eller eit uteområde som treng ein vask.
- Vask av fasadar og kledning
- Reinhald av mur, belegningsstein og uteareal
- Vask og førebuing før maling

Graving med minigravar
Vi utfører mindre gravearbeid og opparbeiding av uteområde. Vi ser på tilkomst, grunnforhold og kva som skal gjerast før vi avtalar arbeidet.
- Mindre grøfter og grunnarbeid
- Planering og klargjering av uteområde
- Arbeid rundt hage, grusveg og mur

Brøyting og strøing
Vi hjelper med vintervedlikehald av uteområde, innkøyrsler og parkeringsplassar. Ta kontakt for å avtala areal, tilkomst og behov før sesongen.
Om bileta på sida
Bileta illustrerer tenestene og viser ikkje oppdrag utførte av oss. Plentraktor: J Dean / Unsplash. Minigravar: Sergej / Unsplash. Fasadevask: Europris / iStock. Takrenne: The List.
Har du eit oppdrag til oss?
Fortel oss kva du treng hjelp med, så finn vi ei løysing saman.
